Rolla til klassisk betinga responsar i rus og avhengigheit

Resultat frå nyare og ikkje fullt så ny forsking

27. apr 201815:00-16:45
Veslefjellhall 1
Kategori
Eksperimentell
Format
Forelesning
Presentør
Magne Arve FlatenNTNU 
Abstract
Rusmiddel og legemiddel er ubetinga stimuli. Inntak av slike middel vil alltid skje i ein kontekst av andre stimuli, og kan derfor forståast som ein læringstrial. Dette betyr at opprinnelig nøytrale stimuli kan, etter gjentatte paringar med rus- eller legemiddel, utløyse betinga responsar. Dette foredraget vil definere kva disse betinga responsane er, og kva effekten av dei er. Kan betinga responsar vere ei av forklaringane på utvikling av avhengigheit? Stikkorda er: Oppleving av rus, Craving/sug, Abstinens, Toleranse, Placeboeffekt og forventing, og Nocebo eller negativ placebo. Ekstinksjon av betinga responsar vil også diskuterast.